• Villfisksamlinga 2021

    Ål i Hallingdal

    28. - 30. mai 2021

     

    Hovedtema for neste års samling er korleis forbetre fisket og fiskens leveforhold etter menneskelege inngrep i naturen.

     

    Arrangementa er gratis og opne for alle.

     

     

    Fredag 28. mai

    Villfiskpub i togvogna ved Sundrehall frå kl 19 til 21.

     

    19.00.....Samling og sal av mat og drikke. Underhaldning og aureprat:

    - Kva skjer i Krøderen? Har gjedda teke heilt over? Krøderfiskar og kjentmann i Flå, Tor Egil Buøen, oppsummerer og tenkjer høgt.

    - Buøen blir følgt opp av forfattar Olav Randen frå Ål. Randen fortel om praktboka Ørretfiske i Hallingdal som kom ut i 2019.

    21.00.....Festen held fram hjå Folkemusikkveka.

     

     

     

    Laurdag 29. mai

    Fagforedrag i Veslesalen i Ål kulturhus frå kl 12 til 15.

    Foredraga blir innleia med 5 minutters forteljingar om lokale forhold som er relevante for foredragas emner.

     

    12.00 - 13.00 ..... Takvatnprosjektet av professor Per-Arne Amundsen

    .

    13.00 - 14.00..... Kva skjer i regulerte innsjøar? av forskningssjef Jon Museth.

    Knut Arne Gurigard kjenner fiske i det regulerte vatnen Gyrinåsen Flevatn godt. Han var i fleire år leiar i fiskelaget der. Gurigard vil halde ei innleiing til Museth sitt foredrag.

     

    14.00 - 15.00..... Terskelfjerning av forskar Sven-Erik Gabrielsen

    Dette foredraget blir innleia av Kjellfred Dekko som fortel om liv og fiske ved terskelen i Tingvollfjorden i Hallingdalselva.

     

     

    Sundag 30. mai

    Villfisksamlinga 2021 blir avslutta med den tradisjonelle tennisturneringa på Bråta. Ål Rekkertklubb er arrangør.

     

    Me oppfordrar ellers gjestene til å få med seg programmet til Folkemusikkveka, som blir avvikla sama helga.

     

     

     

     

  • Foredrag

    Takvatnprosjektet

    - kultivering og forvaltning av ein overbefolka fiskebestand

    av Per-Arne Amundsen

     

    Overbefolka fiskebestander med småvokst og gjerne parasittbefengt fisk er et stort problem i mange av våre innsjøer. Hardt uttynningsfiske har vært foreslått som et mulig botemiddel, men selv om mange forsøk har vært gjort, så er det få som har lyktes. Et velkjent unntak er Takvatnet, en 15 km2 stor innsjø i indre Troms, som tidligere hadde en sterkt overbefolka røyebestand. I samarbeid mellom forskere, grunneiere og fiskere ble det på 1980-tallet gjennomført et storstilt uttynningsfiske med uttak av nærmere 700.000 røye (32 tonn) fra vatnet – et storskala økologisk eksperiment som har vært fulgt opp med årlige undersøkelser over fire tiår. Uttynningsfisket hadde en formidabel effekt med en sterk tetthetsreduksjon av røye som igjen førte til bedre næringsforhold, stor vekstøkning og mindre parasitter hos den gjenværende fisken. Ørreten, som nesten var blitt borte fra vatnet da røyebestanden var overbefolka, har kommet sterkt tilbake, og de siste 15-20 årene har det vært en god balanse mellom storvokst ørret og røye av god kvalitet. I dette foredraget gir Per-Arne Amundsen ei oppsummering av dette unike prosjektet og kunnskapen og erfaringene som er fremkommet

    – lærdom som kan være til god hjelp i forvaltningen av andre innsjøer og fiskebestander.

     

    Per-Arne Amundsen er professor i ferskvannsøkologi ved UiT Norges arktiske universitet. Han har deltatt i Takvatnprosjektet helt siden starten og har også bred erfaring fra en rekke andre forskningsprosjekter og langtidsstudier knyttet til økologi og forvaltning av ferskvannsfisk og innsjøsystemer.

     

     

    Illustrasjonsfoto: Storvokst ørret kan være en viktig reguleringsfaktor for å unngå overtallige røyebestander.

     

     

    På tide med ny giv for forvaltninga av regulerte innsjøar i Norge?

    av Jon Museth

     

    I Norge er det hundrevis av innsjøar som er regulert i samband med vasskraftproduksjon. I desse innsjøane er det stor variasjon i dei naturgitte forutsetningane for både produksjon av næringsdyr og fisk, og ikkje minst i kor stor grad dei er påvirka av sjølve reguleringa. Ein kunnskapsbasert forvaltning av slike regulerte innsjøar, krev at me forstår kva som er flaskehalsen for fiskeproduksjonen, dette temaet vil forskningssjef Jon Museth ved Norsk institutt for naturforskning på Lillehammer (NINA) fortelja meir om. Museth har 20 års erfaring frå anvedt økologisk forskning på menneskepåverka ferskvannssystem, bak seg.

    «Er det matmangel? Er det mangel på gyteplassar?», spør Museth.

    ”Me må rett og slett stille rett diagnose og iverksette tiltak deretter”.

    I foredraget vil Jon Museth snakke om kva som skjer med næringsdyr og fisk i regulerte innsjøer, og hovedfokus vil vera: «Kva kan me gjera for å betre forholda for fisken?»

    Utsetting av fisk vil trulig vera eit viktig tiltak i mange reguleringsmagasin også i framtida, men Museth kjem også til å gi fleire eksempel på at ein i mange tilfeller treng å tenke nytt.

     

     

     

     

    Terskelfjerning

    -frå ørken til vassdragsmiljø

    av Sven-Erik Gabrielsen

     

    Ny fiskebiologisk kunnskap gjer at fleire tersklar i mange vassdrag i Norge i dag blir fjerna.

    Er det mogeleg å auke fiskeproduksjonen, sjølv om ein fjernar noko av oppvekstarealet til fisken?

    Dette er spørsmål Sven-Erik Gabrielsen Forskar III frå NORCE (Norwegian Research Center i Bergen) vil snakke om, altså effekten på fiskeproduksjon ved å fjerne tersklar i elveløp. Gabrielsen vil blant anna bruke eksempel frå Mandalselva og Nidelva (Arendalsbassenget). Dette er store vassdrag med laks og sjøaure, men kunnskapen er relevant også for mindre aureelver og bekkar der kunstige vassdragselement påverkar fisken i ulik grad.

    Gabrielsen vil legge vekt på mykje biletbruk under foredraget.

     

     

  • Våre støttespelarar

  • Lenker til fordjuping

    "Har me råd til å tenkje på storaurestammer i Tokkeåi eller insektlivet i Glomma i ein verd der øystatar druknar og fattige kystsamfunn herjes av orkaner?"

    Interessant tekst av Jostein Henriksen om nokon av vår tids meist kompliserte spørsmål, og spesifikt om den aktuelle ACER-saka.

    Takvatnet, ein gong kjend for den store fine auren, blei plutseleg fiskefattig på 1920- og 30-talet. Dette var sannsynligvis ein følgje av overfisking og ein rekke kalde sumre. Reaksjonen på dette blei dessverre ikkje eit fiske i balanse med vatnets produktivitet.

    Med gode intensjonar, men lite audmjukheit for kva konsekvensane kunne bli, blei det satt ut røye og stingsild som var tenkt som mat for auren. Følgjen av dette blei overbefolkning og parasittinfisert aure. Dei nye artane blei konkurrentar om matfatet i staden for mat for auren.

    På 70-talet blei det i tillegg satt ut aureyngel som ytterligere forverra forholda, og ingen var lengre interesserte i å hauste av den magre fisken.

     

    Over ein 6-års periode i siste halvdel av 1980-tallet blei ein enorm innsats lagt ned av grunneigare og lokale fiskeforeningar, og det vart fiska opp ca 700.000 smårøyer med ein samla vekt på over 30 tonn.

    Det effektive tynningsfisket gjorde at marflo og andre viktige næringsdyr, som var beita ned til eit minimum, tok seg opp. Dette gjorde at auren skifta diett, vekste raskare og ikkje blei infisert av parasittar.

    Idag er den store flotte auren tilbake, og vatnet regulerer seg sjøl.

    Handbok om praktisk innføring av ulike tiltak for å betre forholda i vassdrag som er prega av ulike tekniske inngrep. God praksis ved miljøforbetrande tiltak i elver og bekker. Utgitt av UNI Research Miljø.

    "Utsetting av aure bidrar i liten grad til betre fiske i regulerte elver. I staden bør innsatsen fokuseres på å betre forholda for villfisk. Settefisken veks dårligare enn villfisk og har høgare dødelighet" , seier Jon Museth (NINA), som er ein av forskarane bak rapporten frå 2014.

    Når utsetting av fisk kjem i tillegg til naturleg rekruttering, kan det fort bli for mykje fisk i forhald til næringsgrunnlaget. Særlig når det fiskes lite.

    "Vannkvaliteten er nå såpass bra at den naturlege rekrutteringa av aure i mange tilfeller er tilstrekkeleg.

    For å bevare kvaliteten på fisken må ein justere utsettingane etter den naturlege rekrutteringa, og etter kor mykje det blir fiska", forklarer NINA-forsker Trygve Hesthagen. Han har undersøkt dei øvre regulerte vatna i Mandalsvassdraget.

    Han presiserar at i enkelte reguleringsmagasin har mogligheitane for naturlig rekruttering blitt heilt øydelagt.

    Massesvermingar av russefluga (Bibio Pomonae) kan gi eit fantastisk flugefiske i fjellet. Dei ujamne svermingane har tidlegere vert omgjeve av ein viss mystikk.

    Tore Qvenild og Sigurd Rogneruds undersøkingar ved Sandvatnet på Hardangervidda for Norsk institutt for vannforskning, har vist at Bibioen har sverma regelmessig kvart tredje år sida 2001.

    Lenger nord i Norge svermar den ofte kvart fjerde år, og larvar som veks upp i skugga her i sør kan også komme eit år for seint. Om disse få skuggeflugu får parra seg kan det vere nokon få Bibio i lufta kvart år. Dette kan vere årsaken til den tidlegare mystikken rundt intervalla mellom kvar sverming.

    Massesvermingane er ikkje til å ta feil av, og i 2016 opplevde me i Sør Norge ein av dei kraftigaste i manns minne. Russefluga blei observert tidligare på sumaren og høgare opp på fjellet enn nokon gang, og folk fortel om vatn som var heilt borte under eit desimeter tjukt lag av bibio-lik.

    Forening for fremme av forbetring av aurens leveområder i Storbritannia.

    Ein forening stifta i Michigan i 1959 for fremme av villfisken i området.

    Misnøye med staten Michigans praksis med å sette ut stor fisk til sportsfisketurister, fikk ein vennegjeng til å gå saman om å kjempe for dei opprinnelege aurestammane og deira leveområder.

    Seinere har T.U. blitt utvida med lokalkontor over heile USA.

    Siden stiftinga har T.U. restaurert hundrevis av elver, kjempa i kongressen for The Clean Water Act og vore med på å få ein kraftdemning fjerna.

    Edwards Dam var den første demninga i verda som ble fjerna mot eigarens vilje. Etter 162 år på botnen av eit kraftmagasin, kom elva fram igjen i 1999, og auren kunne igjen bevege seg fritt.

    Lars Nilssen står bak denne sida med sterke meiningar om aktuelle aurespørsmål. Ein ofte oppdatert side om flugefiske, aure og politikk. Dei arrangerar og interessante foredrag om aure og kultivering i Oslo sentrum.

    Eigarane i Hunderfossen kraftverk har gått saman om eit historisk vedtak for å auke vatnføringa i elva. Den storvokste Hunderauren er trua og kraftverket har forstått alvoret. Vedtaket går ut på å auke vatnføringa frå 1,8 til 5 kubikkmeter i sekundet på vinterstid, og meir under gytinga. Dette medførar eit produksjonstap på 9 millionar kilowatttimar som er nok til å forsyne 350 husstandar med straum i eit år med dagens høge straumforbruk.

    Om alle i Norge senka innetemperaturen med ein halv grad kunne vi gjort det same i 200 elver.

    "Det er eit enormt vekstpotensial i norsk vatnkraft. Den kan, i kombinasjon med høgeffektive kraftledningar over lange distansar, faktisk dekke ein svært betydeleg andel av Nord-Europas straumbehov", sa Elon Musk da han var i Norge.

    Straum er betre enn fossile energikeldar for klimaet.

    Men kva blir konsekvensane av dagens teknologioptimisme for villmarka?

    Er den einaste løysinga ytterlegere menneskelig ekspansjon gjennom å leggje enda fleir elver og fossar i rør, og sette opp vindmøller på snaufjellet?

     

  • Om Villfisksamlinga

    Ei samling for læring og utveksling av erfaringar om innlandsfiske og kultivering av vatn og vassdrag. Samlinga fokuserar spesielt på aure og praktisk kunnskap som er anvendbar på lokale forhold.

     

    Villfisksamlinga ynskjer å fremje naturlege gyte- og oppvekstforhold i vatn og vassdrag, samt hausting av den store matressursen som ligg i innlandsfiske.

    Me trur ein med fornuft og audmjukheit kan hauste av naturen uten å byggje ned villmarka.

     

    Villfisksamlinga blir til gjennom dugnadsarbeid og økonomisk støtte frå kommune, stiftingar og næringsliv.

     

    Villfisksamlinga skifta i 2018 navn frå Villfiskfestivalen og starta eit samarbeide med Folkemusikkveka for å fokusere på det fiskefaglege.

     

    I 2021 vil Villfisksamlinga ha regulerte vatn og vassdrag som hovudtema.

    Send gjerne innspel til innhald til villfisksamlinga@gmail.com

     

    Villfisksamlinga er ei idéell forening stifta i 2015.

    Regnskapsførar: BDO Gol

    Organisasjonsnr.: 915 48 1019

    Kontonummer: 2320 17 46000